Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg omlag 50 meter aust for lokalitet 3, denne ligg tett opptil den gamle tingstova i Førde. Området er ein del av det samme jordet som lokalitet 3 ligg på, men ligg då i austre kant, tett inntil husa og vegen ned til kaien. Her er det opna 2 større sjakter med i alt funn av 5 kokegroper og ein struktur med eldskåren stein. I motsetnad til lok 3 er kokegropene spreidd over eit større område. Dei ligg med fleire meter i mellom på høgste delen av strandflata, her rundt 4-5 meter.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I samband med kokegrop A4 vart det gjort funn av flint og ein strandstein truleg nytta som knakkestein. Det var berre kokegropene A3, A4 og A5, som vart undersøkt. Strukturen med eldskåren stein var rest av ei nedgraving, utan at det var råd å gjeva noko nærmare tolking av funksjon. Det vart tatt ut trekol frå kokegrop A3 og A5 som gav høvesvis 1905+/- 105 14C år (T-14514) og1960 +/- 50 14C år (T-14516). I kalenderår stammer trekolet frå år 0-240 og 5-115.I samband med sjaktene ved lokalitet 4 vart det observert eit lag med trekol, her tolka som resul-tat av ei tidleg avbrenning av vegetasjonen i området.