Beskrivelse fra lokalitet:
funnstad for steinøks, frå Solheim gnr 119 er det informasjon om funn av ei steinøks. Dette er ei øks av vespestad type og er funne nede på Nedrebøen. Dette området er i dag teken med i plan for regulering og det vart difor gjort forsøk på å finna funnstaden og undersøkja om øksefunnet representerer ein buplass ellerer eit lausfunn. Det er ikkje gjeve noko nærmare informasjon om funnet i tilveksten anna enn atden er funne laust i jorda.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Nedrebøen ligg slik namnet seier nedanfor tunet på prestegarden, i dag er løa reven og det går ein enkel veg over området. Området ligg som ei hylle i terrenget, her er det utsyn mot nord, vest og sør. Vegetasjonen er gras og hatlekjerr i kantane ned mot bakkane nedanfor og ned mot bek-ken i sørvest. Funnstaden ligg mellom 60 og 80 meter sørvest for tunet på prestegarden. Det vart tatt fleire prøvestikk på flaten på begge sider av gardsvegen, men berre to av desse var funnførande og då med nokre få avslag i flint. Desse låg lengst nord på terrassekanten. Prøvestikka viste at områdethar vore intensivt dyrka og at det ikkje var råd å identifisera eit kulturlag i tilknytning til funna. Øksa og flinten viser at staden har vore nytta i yngre steinalder.