Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg på dyrka mark med grense ned til busett område. Funna ligg på nedste del av eit jorde, ned mot bustad og butikk område i sentrum. Lokaliteten ligg vel 60 meter nordaust for vegen ned til Førde sentrum og vel 10 meter frå eigedomsgrensa til bruk 121/64. Lokalitetenstrekker seg 30-40 meter i nordaustleg retning mot bakkebrotet ned til bekken.I dag er det ein relativ flat grasbakke på staden, men det har vore planert på staden, slik at lokali-teten i dag ligg under større mengder med matjord. I kanten av søkesjakta observerte me at det er opptil ein meter med overdekning med jord. Under dette kjem me ned på finkorna sand og grus.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I brotet mellom den nedste flaten og den opprinnelege bakken finn me lokaliteten frå steinbrukande tid. Her er flint og kvartsitt og jaspis. Langs med brotet finn me eit relativt tjukt lag med trekol og oske liggjande i øvste del av sandlaget. Formene og typane av reiskap og råstoff viser oss at det her er tale om ein buplass frå siste del av eldre steinalder. Utstrekninga er på vel 30 ganger 10 meter med ein konsentrasjon av funna vel 20 meter frå kanten ned mot bekken. Distribusjonen av funn frå lokaliteten minkar ned mot eigedomsgrensa, dette kan tyde på at det her har vore ei eldre strandlinje. Lokaliteten ligg etter kartetpå 14-15 meter. Det vart tatt ein prøve for radiologisk datering. T-14517, Førde 121/5. Prøven gav verdien 6660+/-140 eller til tidsrommet 5630-5440 før kristi fødsel. Den radiologiske dateringa høver slik saman med den typologiske dateringa av gjenstandsmaterialet frå steinalderbuplassen.