• 106330-1

    id
    • 106330-1
    datafangstdato
    • 1999-09-15T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-02-14T12:34:18Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Øvst på jordet under 121/5 og fleire bruk ein vel 50 meter frå riksvegen og tett attmed bakkebrotet ned mot bekken vart det i ei søkesjakt funne spor etter førhistorisk busetnad. Området er avgrensa til kanten ned mot bekken. Her vart det funne fleire nedgravingar og spor etter nedgravne stolpar. Det var likevel ikkje råd å identifisera noko mønster eller system i plasseringa av stolpane. Ei nedgraving vart identifisert som eit mogleg grophus. Beskrivelse fra Enkeltminne: Konsentrasjonane av annleggspora, i alt 9 sikre spor etter førhistorisk aktivitet viser at busetnaden eller bruken har vore lokalisert på toppen av morene-ryggen. Sjakter i området vest og sørvest for funnstaden viser at det tilstøtande området ikkje har vore i bruk til busetnad. Samanliknar me grunntilhøva frå elvabrotet og området lenger ut mot dagens vegkryss er grunnen i sjakt 4 mykje meir finkorna og stabil. Lenger mot vest er det grovare grus og har meir lausastein. Området ligg då og i ei dump som kan ha vore mindre attraktiv som busetnadsområde. Mengda strukturar i sjakta er ikkje stort og me er difor mest truleg i utkanten av eit tunområde. Dersom vår tolking av anlegg 23 som eit grophus er nok dette ein del av ein større samling hus og byggverk i eit gardstun. Det vart tatt ut ein prøve for radiologisk datering av det moglege grop-huset og denne gav ei datering til vikingtid. Plasseringa av huset lengst utpå brotkanten viser at dette er ei randsone for tunet som må ligga i nærleiken. Mest truleg ligg tunet lenger opp og sørom riksvegen. Me er slik på sporet av jernaldergarden i Førde.
    kommune
    • 4612
    kulturminneId
    • 106330-1
    lokalId
    • 106330-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T03:20:35Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217