• 106345-1

    id
    • 106345-1
    datafangstdato
    • 2002-04-02T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-02-14T14:02:36Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Arealet til lokaliteten er for nordre del vel 50 meter frå gjerde og nord nordaust, i aust vest retning strekker lokaliteten seg over heile draget som er vel 40-50 meter breitt. På søre side strekker dei funnførande prøvestikka seg vel 60 meter i nord-sør retning. Men det er berre i området inn mot bytet mellom 10,11 og 2 at lokaliteten strekker seg over heile draget. Negative prøvestikk i søre kant viser at lokaliteten snevrar seg inn i mot sør og det funnførande området vert berre nokre få meter breitt. Der gangstien går i dag er det funnførande laget i underkant av 5 meter breitt. Området er i dag våtlendt og midtre deler av arealet er tildels svært fuktig. Dei positive prøvestikka sprer seg i ei smal brem på vestsida av dette fuktige arealet. Beskrivelse fra Enkeltminne: Strategrafien på det omsøkte arealet er det i dag svært fuktig og vatn står i dag i overflata. På grunn av bergkollen som stenger for ei naturleg avrenning ned mot sjøen får store deler av arealet eit myrlendt preg. Profilane i dei prøvestikka som ligg i det mest vassrike området viser då ei tjukktorvdanning, medan profilen i prøvestikka på dei tørrare delane viser at arealet er gamaltåkerland. Det er grunn til å tru at området sin meir våte karakter og har vore tilfelle bakover i tid.Og konsentrasjonen av funn i søre kant viser at dei har halde til ein meir avgrensa del avområdet.Prøvestikka i heilt i sør viser eit vel 15-20 cm. tjukt lag med torv over eit lag med grov grus og mindre stein. Innover og opp draget endrar lagdelinga seg noko og me får ei fastare grastorv og meir finkorna grus i undergrunnen. Over på nordre del er strategrafien prega av at her har vore beiteland i lang tid. Grastorva er rimeleg tynn vel 5-7 cm. Under denne kjem eit lag med torvjord, denne er svart og har tydleg vore dyrka i eldre tid. Tjukna på dette laget varierer frå vel 10 cm i søraustre del til vel 20 i nordre del. I botn av stikka på heile flaten finn me eit lag av fingrus, denne er blanda med svart jord. Dette laget er svært kompakt og er difor lite truleg forstyrraav nyare tids dyrking på staden.Ut i frå dei observasjonane som er gjort av lagdeling på staden kan det tyde på at hovudvekta avlokaliteten ligg frå vel 5 moh. på nordre side dvs. vel 60-70 meter frå grensegjerdet til bruk 82/xx. Inne på bruket strekker lokaliteten seg meir avgrensa ned mot sjøen. Lokaliteten smalnar mykje inn mot søre strandlinje og dannar slik mest ein kile ned mot sjøen. Funnkatalogiseringa viser at det er i all hovudsak flint som utgjer råstoffet. Typisk nok er detavslagsmaterialet (72 vanlege avslag, 3 makroavslag og 71 mikroavslag) som utgjer det størstematerialet. I funnmaterialet er det likevel å finne 9 smalflekker og 4 typologisk mikroflekker. Av andre råstoff enn flint er det funne rhyolitt 6 stk (avslagsmateriale), 11 kvartsitt(avslagsmateriale), 2 avslag i skifer og 3 avslag i bergart, korav det eine har slipespor. DateringTidfesting av lokaliteten er vanskeleg avdi materialet ikkje innheld dei klare peikarane mot ei eller fleire tidsperiodar. Funnet av rhyolitt skulle gjeva oss ei tidfesting til tidlegneolitikum, men talet på avslag er så lågt at me statistisk har vanskar med å festa lit til ei eintydig plassering til tidlegneolitikum. Funnet av to skiferbitar kan vera med på å datera funnstaden til neolitikum, men berre to avslag utgjer i så måte eit enda spinklare grunnlag for å tidfesta denne lokaliteten. Funnet av mikroflekker kan skyva dateringa bakover i tid, men det er ikkje råd å setja desse som absolutte tidsmarkørar. Fråveret av koniske kjerner kan vera tilfeldig, men kan og vera einindikator på at flekkene er meir tilfeldige mikroflekker. Ei smalflekke har ein brotkant som kan minne om mikrostikkel teknikk. Dette skyv tidfestinga enda eit hakk bakover i mesolitikum. Ingen mikrostiklar eller anna mesolittisk materiale er representert i funnmaterialet. Det er difor nærliggjande å tru at denne er tilfeldig. Ei tidfestin til steinalderen sin yngre del synest å vera mest haldbar og lokaliteten kan slikplasserast i mellomneolitikum.
    kommune
    • 4612
    kulturminneId
    • 106345-1
    lokalId
    • 106345-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2020-01-27T20:13:20Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217