Lokalitet 4 består av eit markert lag med trekolhaldig masse, dette ligg vel 400 meter inn frå Hellandsfjorden vel 75 meter opp frå indre del av pollen ved Midtstykkjet. Lokaliteten er avgrensa i flate til vel 11 gange 6 meter og ligg i dag vel 20-30 cm under dagens overflate. Det vart ikkje gjort funn i det kolblanda laget, men det vart konstatert til dels store mengder trekol i massene. Fråveret av gjenstander av stein inne på lokaliteten gjer at denne truleg er yngre enn steinbrukande tid. Det er tatt ut prøvemateriale for radiologisk datering av funnstaden.
Lende og lokalisering: Draget funnstaden ligg i er veldig lunt og varmt, her er høgreist og bein furuskog med lyngvegetasjon i botn. Draget har relativt tjukke moreneavsetningar og strekker seg austover ned til eksisterande brakkvatn i pollen. Nederst i draget er det tett lauvskogvegetasjon. Draget strekker seg over til Hundsryggsundet største høgd er vel 10 meter over havet. I prøvestikk vart det påvist eit relativt tjukt lag med trekol og oske, dette vart avgrensa medprøvestikk og viser seg å vera vel 6 meter i aust-vestleg retning og vel 10-12 meter i nord-sørlegretning. Prøvestikka vart solla i sjøen, men det vart ikkje gjort funn av gjenstander. Strategrafien tyder likevel på at dette truleg er ein førhistorisk lokalitet.