Beskrivelse fra lokalitet:
Funnstaden ligg på eit mindre jordstykke på oppsida av riksveg 13,her er i dag frukthage og grasbakke. Flaten er slakt skrånande med ein mura kant langs med vegen. Stykket vert skilt frå gardstunet av Rv. 13 og ligg klemt mellom vegen og fjellskrenten i austre kant avstykket. Arealet er vel 100 ganger 8 meter delt på to bruk. På bruk 86/2 ligg teigen lett tilgjengeleg frå vegen. Det vart maskinelt avdekt ei sjakt på vel 250 kvadratmeter, eller vel 55 gange 5 meter i snitt.Her vart matjorda med ei tjukne på vel 40 cm. fjerna, og me komned på ein sand og grus haldig botn. Denne var frå grå til raud på farge. I sjakta vart det observert 3 kolhaldige konsentrasjonar, dessevart reinska opp for dokumentasjon. Ein struktur var klart avgrensa og hadde karakter av ein nedgraving mogleg ein eldstad.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Det vart funne tre strukturar i sjakta der ein struktur var klart avgrensa og hadde karakter av å vera ein eldstad/kokegrop. Denne var 1 meter i tverrmål med nokre få steinar synleg i overflata, desse var då plassert i ytterkant avstrukturen. Det vart tatt ut prøve for radiologisk datering som gav ei tidfesting til eldre jernalder. Dei to andre strukturane er mykje meir omrota og mindre klart avgrensa i flaten. Desse vart ikkje undersøkt nærmare i denne samanhengen. I samband med attlegging av sjaktene vart det gjort funnav to flintskiver i sjakta, desse låg laust i overflata utan å kunne setjast i direkte samband mednokre av strukturane i sjakta. Men viser at det er spor etter aktivitet i sjakta utover dei påviste synlege anleggspora. Dateringa gav alderen 1910 +/- 110 BP (Beta-122878), som er i tida kring år 100 etter kristus. Det er gjort eit liknande funn av ein eldstad på Meland rett sør for Kvalnes, her vart det under nydyrking funne ein eldstad, som vart datert til eldre jernalder i tidsrommet eller vel 370 etter kristus.