Lokaliteten er eit kulturlag datert til yngre romertid / folkevandringstid. Det vart teke til saman 8 prøvestikk på flata, i tillegg til to stikk som avgrensar lokaliteten. I SA er lokaliteten avgrensa av ein bergvegg og ein temmeleg steil skråning. I NV er lokaliteten naturleg avgrensa av bekken. Avgrensinga i NA er satt ved ei slak skråning. Kulturlaget er frå 5-20 cm tjukt, grått til gråsvart og inneheld sand, grus og varierande mengder trekol.