Samla er det gjort 314 funn. Funna er for det meste avslag, men enkelte flekker førekjem. Hovudmengda er av flint, men avslag av kvarts, kvartsitt og bergkrystall er også funne. Det er funne ein flekkekniv og eit retusjert avslag som truleg er ein endeskrapar. Eit fragment med retusj kan stamme frå ein tangespiss eller eit bor.