Området for lokaliteten vart påvist i samband med den arkeologiske granskinga langs Rv 48 mellom Seimsfoss og Neslia i samband med Statens vegvesen/Kvinnherad kommune sine planar om utbygging av ny gang og sykkelveg på denne strekninga. I sjakt 4 vart det avdekka ei rekkje strukturar som kan knytast til to langskipsnaust. Ut frå spora i undergrunnen kan vi slå fast at det dreiar seg om to tufter, der den yngste tufta er i frå folkevandringstid ligg over ei eldre nausttuft frå romertid. Det er registrert fleire kokegroper inne i og utanfor naustuftene. I tillegg er det avdekka fleire stolpar som anten er knytt til nausttuftene eller andre bygningsrestar i på staden. Ved avdekkinga var det synleg ardspor like nord for nausttuftene. I dette området vart det også funne ein flateretusjert pilspiss i flint.