Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg i ein hellar og er avgrensa av sjølve berget i nordaust, steinblokkar i nord og av ei skråning i sør. Området er omlag 25-30 m2. Det vart opna to prøvestikk, begge positive med kulturlag. Kulturlaget besto av svart, mektig jord blanda med komprimert torv og kol, laget er mellom 3-15 cm tjukt. Under kulturlaget i ps 1 er det ei kolinse blanda med svart mektig jord (4cm) over berget. I prøvestikk II, er det tre lag med minerogen masse under kulturlaget før ein kjem ned på berg. Laget i midten er noko kolhaldig. Lokaliteten verkar ikkje omrota. Det var ingen funn av gjenstander i prøvestikka.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Dateringa er henta frå prøvestikk 1, i frå ei kollinse blanda med mektig jord, denne ligg 23 cm under markoverflata, under eit lag med mektig svart jord blanda med komprimert torv og kol. I prøvestikk II var det teke ut ei kolprøve datert til 2720 +/- 90 BP.