Dei indre måla på kolgropa som har ei sirkulær form, er 1,6 meter NS og 1,9 meter AV. Djupna er ca 40 cm. Som før nemnt går stien over vollen i A og har skadd denne ein del. I V vollkant er det eit tjukt kollag, noko som før har vorte tolka som mogleg tilhøyrande ein annan struktur (A:9). Men sidan det er ein del kol i V voll, så er det mest truleg at kolet i A voll høyrer til A:8.