Dei indre måla på kolgropa er 1,3 meter A - V og 1,1 meter N - S. Måla er tekne ca 10 cm over botnnivå. Forma er svakt rektangulær. Trekollaget er varierande, men fleire stader opp mot 10 cm tjukt. Tydeleg voll rundt, spesielt i V der det og ligg noko stein i vollen, noko som me i første omgang tolka som ei mogleg jernvinne då det og var ein del trekol i jordmassane rundt steinane. Men etter å ha undersøkt området rundt, kunne den tanken avkreftast. Trekolet er høgst truleg utkast frå kolgropa (A:24). A:24 ser eg i samanheng med Kolgropene A:22 og A:27, stein / hellelegginga A:26, samt jernvinneanlegget A:54 (sjå desse i same rapport).