Offerstein, kalla Hansteinen (uttalt: Hannsteinen, av pronomenet han). I Per Seland: "Sirdal" bd. IV s. 216 står det: "Hansteinen stod i østkanten av det gamle tunet Der heima. Den var forholdsvis lang og spiss. Nå er den forlengst fjernet, og den står nå i bugjerdet til det ene bruket på Flådå". Elisabeth Seland opplyser at Per Seland si kjelde var Ingvald Berner Eikelands upubliserte manuskript til Institutt for sammenliknende kulturforskning av 05.04.1957 (depositum 740 på Statsarkivet i Kristiansand). På s. 5, under gnr. 48 Øksnedal i Bakke, står det: "Nr. 94. En offerstein, kalles Han eller Hann-steinen, se Tun, svar 94 på spørjelista, VI, 4". På s. 11 står det: "Garden hadde ein faste offerstein, den lå like ved austkanten av tunet. Steinen er fjerna nå, men sikkert minne om den, den var lang (høg) og noe spiss øverst". I forskningsarkivet etter Per Seland ligg det kopi av eit jordskiftekart frå 1873 der det med handskrift er teikna inn "Offerstein" på den store, rundvorne, mannshøge steinblokka som er dette ID. Det var vel Arthur Øksendal som viste steinblokka til Per Seland, for Elisabeth Seland opplyser at Arthur Øksendal er med på eitt av bileta som Per Seland tok av steinblokka. Eit anna av bileta av steinblokka står i Elisabeth Seland (red.): "Sirdal" bd. VI s. 81. Steinblokka er ikkje lang og spiss, og steinblokka er for stor til å ha vore flytt dit nokon annan stad ifrå, men steinblokka er nåverande tradisjon, stadfest av både Ragnhild Josdal og Sven-Egil Testad. Ei forklåring som kan tenkjast, er at det tidlegare stod ein høg, spiss stein oppå den steinblokka som folk i dag kjenner som Hansteinen, og at den høge spisse steinen er blitt lagd inn i eit steingjerde. ---
I 2009 fann Steinar Tjomlid og Tore Haughom ei stor rundvoren steinblokk med ei skålgrop i, nærare tunet enn gjerdet, jf. artikkel i Sirdølen, men dei kom seinare til at gropa var eit borehol.