Dei indre måla er 1,5 meter N - V og 1,0 meter S - A (mål tekne ca 10 cm over botnnivå). Låg voll rundt, opp mot 1,5 meter breid, så ytre mål er ca 5 x 4 meter. Dybdemål vart ikkje teke. Opp til 7 - 8 cm tjukt trekollag påvist. Kolgropa ligg berre 50 meter frå A:36 (kolgropa), på andre sida av elva. Mindre enn 100 meter i ANA retning ligg kolgropene A:28 og A:29. Ca 170 - 180 meter mot NV ligg kolgropene A:56 og A:30.