Kolgropa har ein indre diameter på 1 meter målt ca 10 cm over botnnivå. Ytre diameter er 3 meter. Djupna om lag 60 cm. Den er rund i forma og har tydeleg voll rundt. 5 - 10 cm tjukt kollag påvist i overgangen mellom side og botn. Ligg noko for seg sjølv, så avstanden til kolgropene A:28 og A:29 som ligg nærast, er bort mot 175 meter. A:36 og A:41 (kolgroper) ligg 200 og 225 meter unna.