Kolgropa er rund, 1,8 meter i diameter i øvre kant. Djupna er opp mot 0,5 meter. Ingen tydeleg voll. Trekol påvist i botn og sider, ca 5 cm. Umiddelbart kan ein ikkje sjå at kolgropa har samanheng med andre kulturminne i området. Det er over 500 meter til jernvinnene og kolgropene V for Hesjabakkmyrane, men ein kan heller ikkje sjå bort frå at så er tilfelle. Mest truleg er dette ei kolgrop for brenning av trekol til smiebruk på garden.