På lokaliteten vart det opna to funnførande sjakter. Strategrafien i sjaktene var nokså lik. Under grastorva var det om lag 1 m lys grå flygesand. Under denne kom det fram eit lag beståande av mørk brun jord, torv og stein. Laget innehaldt mykje knust glass, porselen og teglstein. Laget var omlag 20-30 cm tjukt og vart tolka som restar etter klyngetunet. Under dette laget var det igjen 20-30 cm lys finkorna sand. Under dette sandlaget vart det påvist to mørkare kolhaldige sandlag med omlag 10 cm mellomrom, laga skilte seg ut frå den lyse sanden. Laga er omlag 5-7 cm tjukke. Det vart teke ut kolprøver frå laga, desse viser dateringar frå folkevandringstid og tidleg/høg mellomalder. Det verkar truleg at laga kan fortsette i nordaustleg retning, under dagens tun.