Beskrivelse fra lokalitet:
På lokaliteten vart det opna ei funnførande sjakt, sjakt 8 (jmf rapport). I den austlege enden vart det registrert to strukturar, S1 og S2 (jmf rapport). S1 er ei smal, bogeforma nedskjering i undergrunnen, den er omlag 50 cm brei og 2.5 m lang (forsvinn inn i sjakt veggen i sør). Fyllmassa består av kol, sand og stein og er brunsvart på farge. Denne er tolka som ei grøft. Like vest for S1 vart S2 registrert, denne er også tolka som ei grøft. Fyllmassa er lik som S1. Strukturane kan tolkast som veggrøfter tilhøyrande ein førhistorisk bygning på staden.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Strukturen S1 i sjakt 8 (jmf rapport) er ca 50 m brei og meir enn 2.5 m lang (den fortset inn i sjaktkanten). Deler av strukturen vart snitta, det viste at S1 er 15 cm djup med avrunda botn. Fyllmassa består av kol, sand og stein, fargen er brunsvart. S2 ligg rett vest for S1, den er omlag 60-70 cm brei og 15 cm djup. Berre 1 m vart avdekka under registreringa. Fyllmassane liknar S1.