Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg på eit markstykke som måler om lag 26 m (NV-SA) og 72 m (SV-NA). I området vart det greve i alt 14 prøvestikk, der åtte var positive. Det var ingen klar konsentrasjon av positive prøvestikk på marka. Det vart gjort mellom 1 og 2 funn i kvart stikk, i form av avslag i flint, kvarts, bergkrystall og mylonitt. I tre av prøvestikka vart funna gjort så langt oppe at konteksten truleg er forstyrra av moderne jordbruksaktivitet. I dei fem andre stikka er konteksten god, med funn i eit lag av humus, grus og sand, 40 cm under dagens overflate. I prøvestikk TL6 er dei to flitbitane sterkt vassrulla, noko som kan tyde på at dei stammar frå ein transgredert buplass. Elles er bruk av mylonitt mest vanleg i tidleg neolitikum, dette kan tyde på at deler av lokaliteten var i bruk i dette tidsrommet.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
På lokaliteten var det opna åtte funnførande prøvestikk, tilsam vart det funne 10 avslag i råstoffa flint, kvarts, bergkrystall og mylonitt.