• 107896-1

    id
    • 107896-1
    datafangstdato
    • 2007-03-20T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-03-20T14:33:25Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Hôlrom under ur. Ura ligg i den vestre av to smådalar som stikk av nordover frå gangevegen Røyneskogen - Oppoptevannet. Ura ligg ved toppen av den fyrste stigninga av denne smådalen, sør for myra i denne smådalen. Hôlromet er på rundt 8 m2. Segna seier at folk heldt forbodne katolske messer her like etter reformasjonen. Steinar til å sitje på, og stein til altar ligg på golvet. Ein stig ned i hôlromet ovanfrå. Hôlromet har opning mot sør med utsyn nedover smådalen. Her er ingenting som liknar ei kyrkje. Beskrivelse fra Enkeltminne: Hôlrom i ur. Ligg i den vestre av to smådalar som stikk nordover frå gangevegen Røyneskogen - Oppoptevannet, i toppen av den fyrste oppstigninga i smådalen. Ein kan stiga ned i hôlromet ovanfrå. Hôlromet er på rundt 8 m2. På golvet ligg det steinar til å sitja på og ein avlang stein øvst "som dei brukte som altar". Segna seier at folk heldt forbodne katolske messer her like etter kyrkjereformasjonen av 1536. Andreas Sæveland skreiv bladstykket "Rønskogkirken i Herad" i "Farsunds Avis" 14.01.1981, og der skreiv han: "Kirken har plass til ca. 40-50 personer, forteller de som har vært inni", men han har tydelegvis aldri vore her, og han må ha lagt på ein 0 for mykje. Men dei andre opplysningane stemmer. Hôlromet har opning mot sør med utsyn ned smådalen. Hôlromet er ikkje høgt og spisst som i ei kyrkje, men ein kan stå oppreist der inne.
    kommune
    • 4206
    kulturminneId
    • 107896-1
    lokalId
    • 107896-1
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2022-02-17T03:20:42Z
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217