• 107967

    id
    • 107967
    datafangstdato
    • 2007-03-22T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-03-22T15:57:08Z
    informasjon
    • Veøy kyrkjestad er av dei eldste kyrkjestadene i landet, med spor etter kyrkjer og kyrkjegardar heilt frå 900-talet. Etter tradisjonen skal det ha stått 7 kyrkjer på Veøya. Lokaliteten består i dag av ei Peterskyrkje i stein frå 1100-talet, med tilhøyrande kyrkjegard, samt to eldre kyrkjegardar. Arkeologiske og geofysiske undersøkingar har vist spor etter fleire kyrkjer, og ei av desse kan vere Krosskyrkja som er omtalt på 1300-talet. Det er også påvist det som kan vere eldre kyrkjebygg, samt graver heilt tilbake til 900-talet. Kyrkjene ligg på det høgaste punktet på det gamle eidet som skil Nordøya og Sørøya, og har gode hamner både i Nordvågen og Sørvågen. Området omkring kyrkestaden består av eng og gamal våtmark, medan resten av øya er skogkledd. Det er dokumentert at Veøy har vore hovudkyrkje i prestegjeldet heilt sidan 1480. I 1589 var Veøy hovedkyrkje med anneks på Bolsøy, Rødven, Kleive, Vestnes, Tresfjord, Rød, Vistdalen og Eresfjord. Ved biskopens visitas skulle han på 1430-tallet ha seks nattleger j Widøy. Sjølv om kjøpstaden blei forlatt i seinmellomalderen, var Veøy framleis sentralt som kyrkjestad og prestegard i nyare tid. Kyrkjestaden blei forlatt i 1905, då det blei reist nye kyrkjer på Sølsnes, Holm og Rødven.
    kommune
    • 1506
    kulturminneId
    • 107967
    lokalId
    • 107967
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20210217