Den funnførande delen av lokaliteten er relativt stor, her er det eit areal på vel 200 m2. Området er i øvre kant av daldraget relativt flat eller slakt hellande mot aust. Høgda variere noko men ligg i snitt på vel 8,9 meter. Det er tatt 6 prøvestikk på flata der 5 var funn førande, desse er dokumentert i profil. Dei strategrafiske tilhøva på lokalitet ein er i hovudsak firedelt. Først har ein lag 1 som er torv og barnåler frå skogen som står tett på lokaliteten. Dette laget varierer mellom 5 - 10 cm i tjukne. Like under dette får ein eit mørkt lag med halvvegs nedbrote organisk materiale. Dette laget varierer i tjukne mellom 15 til 25 cm. Under dette får ein eit sand og gruslag på vel 10 - 15 cm. Lengst aust/søraust på lokaliteten er dette laget mykje i blanda jord og meir finkorna sand. I øvste del mot vest er det påvist trekol i lag to. Dette må kunne tolkast at ein her har spor av eit mogleg kulturlag på lokaliteten.