Det er tatt tre funnførande prøvestikk på lokaliteten, desse er teikna i profil og flata er teikna som prinsippskisse. På lokalitet 2 har ein fire- til femdeling av stratigrafien. Lag ein er mellom 5 - 16 cm tjukt og er i hovudsak røter frå torv, laus jord og barnåler. Under dette laget finn ein i prøvestikk 1 og 2 eit lag av ikkje fullstendig nedbrote organisk materiale - likt med det på lokalitet 1. Her er dette laget meir kompakt enn på lokalitet 1. Under dette laget finn ein i dei same prøvestikka eit lag med svart sand (oske og kolhaldig) på mellom 6 - 10 cm. tjukne. Det neste laget ein finn i prøvestikk 1 og 2 er eit lag med gråbrun sand stadvis svært kompakt. Dette laget finn ein att i prøvestikk nr. tre, som lag 2. Dette laget varierer mellom 5 - 17 cm i dei ulike stikka. Laget under dette er igjen er meir variert, i prøvestikk 1 er det lag med sand - gulgrå på farge som strekker seg ned til botn. I prøvestikk 2 kjem ein ned på eit lag av grå leire som eg ser på som avsetningar frå då vatnet stod over dette nivået. Dette leirlaget finn ein og i prøvestikk 3. Mengda funn på lokaliteten er relativt liten. Plasseringa av prøvestikka viser at lokaliteten truleg er svært stor og at ein naudsynleg ikkje har støtt på konsentrasjonar av noko slag. Strategrafien viser at det er eit lag som kan identifiserast som eit kulturlag på lokaliteten. Bruken av råstoff viser ei datering til tidlegaste del av yngre steinalder.