I dei seks prøvestikka som er tatt på lokalitet 3, er topplaget (torv) mellom 5 - 15 cm. tjukt. I prøvestikk 1, 2 og 4 er det eit lag av mest svart organisk materiale - som enno ikkje er omdanna til mold. Dette laget er mellom 15 - 30 cm tjukt og inneheld noko trekol ned mot overgangen til neste lag. I prøvestikk 5 og 6 er det eit tilsvarande mørk organisk lag, men dette er meir omdanna til jord og er meir plastisk i konsistensen. I dette laget er det berre nokre få bitar av kol. Lag 3 er for det meste grus med islag frå laget over. I prøvestikk 1 og 2 er det ein meir sandaktig konsistens på laget, men fargen er den same. I alle prøvestikka sett bort frå ps 5 er det i botn eit lag av grøngul leire. I ps 5 kjem ein ned på berg. Lokaliteten ligg på eit relativt flatt område, som i dag er småkuppert og overgrodd med krattskog. Området har tidlegare vore dyrka og dei øvste laga er nok noko omrota. Stratigrafien viser at eit mogleg kulturlag (nedre del av lag 2 og lag 3) kan identifiserast. Dette ligg djupt og har truleg i liten grad vorte råka av tidlegare jordbruksaktivitet.