• 108037-1

    id
    • 108037-1
    datafangstdato
    • 1996-08-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-03-26T14:16:00Z
    informasjon
    • Det er tatt i tre prøvestikk på lokaliteten, då den har klare topografiske grenser. Prøvestikka er dokumentert i profil i skala 1:10. Flaten er teikna som prinsippskisse der prøvestikka er markert. Stratigrafien på lokaliteten er svært varierande. I prøvestikk 1 har ein stratigrafi der ein kan identifisere 5 lag, medan ein i ps 3 har tre lag. På lokaliteten har ein her eit omlag 10 cm tjukt torvlag, her mest samansett av røter og grannåler. Skogen er her så tett at ein ikkje har noko undervegetasjon i det heile. I ps. 1 har ein eit lag med mørkt halvvegs omdanna organisk lag blanda med noko trekol. Under dette laget kjem ein på lag med sandjord. I ps 1 er dette raudbrunt på farge, medan det i ps 2 er meir brunleg. I ps 3 finn ein ikkje dette laget. men her har ein eit luftig lysegrått sand og gruslag. I ps 1 er dei to nedste laga (lag 4 og 5) svært grushaldig, og er skilt frå kvarandre på grunn av farge. I ps 2 har ein i lag 3, eit lag av hardpakka sandjord på vel 25 cm tjukne. Lag 4 er her lysegrå silt av same karakter som lag 5 i ps 1. I ps 3 er det nedste laget eit tilsvarande kompakt sandlag som lag 3 i ps 2. Området har nok som elles på flata vore nytta til jordbruksføremål. Det er ikkje identifisert noko eintydig lag som kan sjåast på som kulturlag. Funna ligg spreidd i frå midten av lag 2 og ned til og med lag 3. Om ein har eventuelle konstruksjonar vil desse truleg ligge så djupt at dei vil væra nokolunde intakte. På lokaliteten er det funne ein del kvartsittypar og flint, men ikkje rhyolitt. I alt er det gjort 71 funn i tre prøvestikk, mellom anna ein del mikro- og smalflekker i både flint og kvartsitt. Det er funne ein eldskåren stein som synest å væra slipt på over og undersida av eit ovalt tverrsnitt. Denne kan væra eit fragment av eit reiskap av noko slag. Funna på lokaliteten viser eit spekter av råstoff . Ein kan ikkje sjå noko skilje i mellom lagdelinga og råstoff, funna strekker seg nedover frå torvlaget og ned til undergrunnen. Ein har såleis truleg ein lokalitet med få bruksfasar. Med ei høgd på vel 14,3 meter er det rimeleg å sjå denne lokaliteten som mesolittisk. Materialet viser ikkje noko som skulle tilseie at yngre fasar skulle væra tilstade.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 108037-1
    lokalId
    • 108037-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217