Det er tatt tre prøvestikk langs med bergveggen på lokaliteten. To av desse er funnførande og er dokumentert i profil i skala 1:10. Lokaliteten er og gjengitt i prinsippskisse. Stratigrafien på lokalitet 5 er noko uklar av di ein ikkje kan seia sikkert om ein her har rasmasse over lokalitetsområdet eller at steinane er ein del av lokaliteten. Lag 1 er eit torvlag på mellom 5 og 10 cm. Her har ein grastorv og røter frå busker og villbringebær. Under dette laget har ein eit lag med mørk brun jord iblant grus. Dette er godt og vel 35 cm tjukt. I ps 2 har ein under dette eit lag med gulbrun jord og blant med grus på vel 15 cm. tjukne. Lag 4 er kompakt leire og noko småstein. I ps 1 kjem ein etter lag 2 ned på stein - moglegvis rasstein. Dette gjer at ein her moglegvis vil ha at deler av lokaliteten no ligg under steinsprang frå bergveggen og platået like bak lokaliteten. Det vart ikkje observert noko trekol i prøvestikka. Det er funne eit reiskap, ein stikkel laga av ei flekke i flint. Det er og representert mikroflekker og smalflekker. Det er ei smalflekke i rhyolitt, elles er råstoffet flint og kvarts. Sjølv om lokaliteten har relativt lite førekomst av rhyolitt kan ein med lokaliteten si høgd over havet sjå lokaliteten i samanheng med andre tidlegneolittiske lokalitetar. Mengda funn er relativt liten, dette skuldast nok meir den topografiske situasjonen i dag der ein har eit tett lag med undervegetasjon og der ein truleg har hatt mogleg ras/steinsprang utover lokaliteten.