Det er tatt 5 prøvestikk på flaten rundt lokaliteten, her var berre eit funn gjevande og dette er dokumentert med teikning av profilen. Flaten der prøvestikka er gjort er teikna som prinsippskisse opp til lokalitet nummer 8 som er avgrensa av nokre av dei funntomme prøvestikka. Stratigrafien på lokaliteten er tredelt, her har ein først eit lag med grastorv på vel 20 cm. Under dette eit lag med mørkbrun jord med noko trekol omlag 15 cm tjukt. Lag 3 er eit brunsvart plastisk lag av sand blanda med småstein på vel 20 cm. Det er uvisst om ein kan sjå lag 2 og 3 som kulturlag. Funna strekker seg frå torvlaget og ned i lag 3. Truleg er laga forstyrra av landbruksaktivitetar i seinare tid. Funna viser at ein på denne lokaliteten har eit blanda råstoffinventar, der kvarts og rhyolitt dominerer. Sjølv om ein har eit lag under torva med trekol ligg funn spreidd vertikalt. Dette kan tolkast som at lokaliteten er forstyrra og at laga er omrota.