• 108042-1

    id
    • 108042-1
    datafangstdato
    • 1996-08-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-03-26T14:27:01Z
    informasjon
    • Det er i alt tatt tre prøvestikk på flata, der eitt gav funn. Flaten er teikna som prinsippskisse og dokumentert i profil. Stratigrafien til det funnførande prøvestikket viser ein seks delt strategrafi. Her har ein først eit torvlag på vel 10 cm. Laget under er brunsvart og svært plastisk - vel 10 cm. tjukt. Lag 3 er ei linse med grå sand med ei maksimal tjukne på 4 cm. Lag 4 er eit 15 cm tjukt gulbrunt sandlag. Under dette får ein ei ny linse med raudbrun sand blanda med jord - berre 2 cm tjukk. Nedst har ein eit 10 cm. tjukt lag av gulbrun sand. Området lokaliteten ligg på har nok vore nytta til fleire føremål, både åker og veg ser ut til å ha vore lagt over deler av området. Dei ulike linsene av sand kan skuldast mykje trakk, då ein her har ein høveleg veg ned frå platået og til den gamle naustplassen på Leirvik gard. Det skal kring 1850-åra ha stått tre naust i daldraget nedanfor. I prøvestikka rundt på flaten er det observert trekol i lag som tilsvara lag 2 og 4. I desse vart det ikkje gjort funn. I prøvestikket er ein moglegvis i utkanten av eit kultur-/dyrkingslag.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 108042-1
    lokalId
    • 108042-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217