Her er stratigrafien nokolunde sams over heile flata. Torva er stadvis meir vasstrekt, men omlag 15 cm tjukk. lag 2 er samansett av sand og grus og litt trekol - dette laget er og funnførande. Lag 3 har meir grus og har ei tjukne på vel 20 cm. Her har ein og gjort funn. I dei andre funnførande prøvestikka vart det ikkje observert det same kolhaldig laget. Lokaliteten ligg sørvendt til ut mot Herdlafjorden, det totale arealet er vel 100 m2. Det er eit avslag i rhyolitt noko som kan indikere ein tidlegneolittisk bruksfase.