Det er tatt 5 prøvestikk på flata der eitt har gjeve funn, lagdelinga i dette er dokumentert og flaten er så teikna og fotografert. På lokalitet 14 har ein ei firedeling av stratigrafien. Lag 1 er eit vel 10 cm. tjukt torvlag, lag 2 er eit 20 cm tjukt lag av mørk brun sandjord. Under dette eit lag med lys brun silt. Nedst eit lag med sand og småstein i botn. Funna er gjort like under torva i lag 2 og viser ei mogleg omroting av dette laget. I området har truleg vore nytta til åker og i dag er det store bøketre på plassen slik at vertikal transport av massar er mykje sannsynleg på denne staden. Lokaliteten er liten og funna svært få. Truleg representerer lokaliteten eit kortare opphald på staden. Lokaliteten kan ikkje plasserast nærare i tid enn generelt til steinbrukande tid.