Lokaliteten er teikna i flate og dei funnførande prøvestikka dokumentert. Det vart tatt ein sand/trekolprøve frå prøvestikk 1 - denne viste at laget i prøvestikket ikkje bestod av trekol, men av oske og ørsmå kolbitar. Stratigrafien på lokaliteten er spesiell av di ein her har eit klart markert svart kol/oske haldig lag under torva over eit større område. Det er likevel berre to prøvestikk som er funnførande på flaten. Her er torva vel 10 cm tjukk, medan det svarte laget er mellom 7 og 12 cm. Under dette er det påvist eit utvaskingslag i ps 1. Under dette kjem det to lag med sand. Dei prøvestikka på lokaliteten som ikkje har funn viser og eit kraftig kolhaldig lag. Det er difor nærliggjande å tolke dette som eit mogleg kulturlag, men med få steinartefakter. Området ligg nokolunde ulendt til at ein truleg ikkje har hatt intensiv utnytting av dette området. I dag står det tett skog på området, medan ein før har nytta dette til beite. Lokaliteten er eit markert mørkt sandlag. Her er det finpartikulert kol og oske i massen. I to av prøvestikka er det funne flintavslag. Høgda over havet indikerer ein tidlegneolittisk bruksfase. Ein kan likevel ikkje sjå vekk frå at lokaliteten representerer ein seinare fase.