Den delen av sjakta som inneheld fyllskifta er teikna i flaten og snitta. Dei strategrafiske tilhøva under eitt er svært påverka av ein relativt intenst jordbruk i området. Dette fører til at strukturane mest er vekkdyrka. Struktur 1 er ein liten flekk med trekolhaldig masse i undergrunnen. Denne er vel 20-30 cm. i utstrekning. Massen er svært laus i strukturen og i snittet viste det seg å væra ein svært grunn struktur. Ut i frå at deler av området er dyrka er det rimeleg å sjå denne strukturen som ein naturleg struktur, der massen er fyll etter ein evt. fjerna stein. Struktur 3 er eit markert fyllskifte, der massen er trekolblanda sandjord. Strukturen er ikkje snitta då den ligg delvis inne i grøftekanten. Struktur 4 er eit markert fyllskifte i undergrunnen. Strukturen er relativt stor men har ein meir diffus samansetning med trekol og grå sand. Snittet viser at den grå sanden truleg er eit underliggjande lag. Konsentrasjonane av trekol kjem såleis frå laget over. Om dette er frå ein øydelagt eldstad er vanskeleg å seia noko konkret om. Struktur 5 er likt med struktur fire eit markert fyllskifte i undergrunnen. Strukturen har og ein meir diffus samansetning med trekol og grå sand. Snittet viser at konsentrasjonen av trekol ligg heilt i overflata av strukturen. Trekolet kjem såleis frå laget over. Tolkinga av strukturen er likt med struktur 4, svært vanskeleg. Struktur 6 er eit svakt markert fyllskifte med mørk trekolblanda sandjord. Midt i strukturen er det ein konsentrasjon av trekol. Snittet av strukturen viste at denne også er svært grunn, og at ein eventuell struktur har lege over. Struktur 7 er og svakt markert fyllskifte med mørk trekol blanda sandjord. Midt i strukturen er det også her ein konsentrasjon av trekol. Snittet av strukturen viste at denne også er svært grunn, og at ein eventuell struktur har lege over. Struktur 8 er ein svakt markert struktur samansett av små flekker av trekol og neve store stein. Den er omlag 1 meter lang og 45 cm brei. Snittet viser at ein eventuelt er heilt i botn av ein mogleg eldstad, der hovuddelen er dyrka vekk.