• 108109-1

    id
    • 108109-1
    datafangstdato
    • 1996-09-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-03-28T13:12:08Z
    informasjon
    • Sjakta er vel 230 m2, der vel 100 m2 hadde strukturar. Det vart etter opprensing av flata i sjakta påvist i alt elleve strukturar. Desse vart teikna inn på planteikningen for sjakta. Strukturane vart og dokumentert i snitt, der dette var råd. Strukturane låg konsentrert til lokaliteten sin nordvestre del. Strategrafien var her todelt med torv og åkerjord over eit undergrunnslag av lys gul sand. Deler av sjakta viste at ein hadde sterke inngrep i form av kraftige dreneringsgrøfter. Struktur 1 ligg lengst søraust i sjakta, der denne smalnar inn. Denne er eit mest rundt fyllskifte i undergrunnen. Ved snitting viste den seg å væra svært grunn og vanskeleg å tolka som sikker struktur. Struktur 2 er og ein rund struktur på vel 50 cm i diameter. Strategrafien i snittet viser ei lagdeling, der ein har eit lag av grå kvit sand i blanda eit lag av moldjord. Dette gjer det vanskeleg å ta stilling til om fyllskiftet representerer ein reell førhistorisk struktur. Struktur 3 er eit svakt markert fyllskifte i overflata av sjakta. Ved undersøking viste det seg at denne likt med struktur ein var svært grunn og må difor tolkast som ein rest frå laget over. Struktur 4 er ein del av ein sirkel eller ein noko oval krets. Denne er klart markert i overflata på undergrunnen. Utstrekninga som var synleg i sjakta er vel 4 meter, der ringen er vel 25- 30 cm brei. Snittet viser at ringen har ei spiss form og strekker seg 13 cm. ned i undergrunnen. Denne strukturen kan vanskeleg forklarast gjennom naturlege prosessar eller gjennom nyare tids dyrkingsmetodar. Strukturen må difor sjåast på som ein mogleg førhistorisk struktur av noko slag. Struktur 5 er eit svakt markert fyllskifte i overflata av sjakta. Strukturen ligg og tett ved ei dreneringsgrøft og delvis inn under grøftekanten slik at undersøking med snitting ikkje vart gjort. Struktur 6 er ei oval nedgraving på vel 1 meter i lengd og 40 cm brei. Strukturen er klart markert i overflata med ei mørkt kolhaldig lag. Profilen viser at den er vel 23 cm djup. Forma er avrunda i begge retningar og sentrert. Litt forskyve for midten av halvsirkelen ligg det ein stein 15x10 cm. Strategrafisk ser ein at strukturen skjer igjennom dei underliggjande laga, der grensa mellom undergrunn og struktur er svært skarp. Frå strukturen vart det tatt ein 14C-prøve for datering. Dateringsmaterialet vart tatt frå eit avgrensa område i snittmassen, då ytterlegare graving i strukturen ville øydelegge ein eventuell vidare undersøking. Lokaliteten vart undersøkt nærmare av Bergen Museum i 1998 utan at dette gav nokre fleire resultat.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 108109-1
    lokalId
    • 108109-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217