• 108112-1

    id
    • 108112-1
    datafangstdato
    • 1996-08-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-03-28T13:43:34Z
    informasjon
    • Sjakta er teikna i flaten i skala 1:100, der alle strukturar er teikna inn og dei nyare tids dreneringsgrøfter. Strukturane er igjen dokumentert i 1:20 skisser både i flate og profil. Strategrafien under eit er delt mellom torv og dyrkingslag og undergrunn. Undergrunnen er i søraustre del raud-orange på farge, medan den i nordvest er grå og noko meir steinete. Klart markert fyllskifte i overflata, mest heilt rund og omlag 50 cm. i diameter. Fyllmassen av grå kolblanda sand. Snittet viser at strukturen er vel 10 cm djup og flat i botn. Nedgravinga minner mykje om eit stolpehol. Struktur 4 er eit klart markert mest rundt fyllskifte i overflata. Omkrinsen er vel 65 cm. Profilen viser at nedgravinga er vel 15 cm. djup. Ut i frå profilen er det ikkje råd å avgjera kva strukturen representerer. Struktur 5 er eit klart markert fyllskifte i overflata. Omrisset er likevel noko vanskeleg å avgrensa, då deler av strukturen er svært grunn. Utstrekninga på strukturen er vel 160 cm. medan djupna er berre 4-6 cm. I deler av strukturen er det noko småstein. Dette saman med flekkvise konsentrasjonar gjer det mogleg å tolke denne strukturen som ein eldstad, der øvre del er bortpløgd. Struktur 7 er eit noko rektangulært fyllskifte klart synleg i overflata. Utstrekninga er på vel 40 cm. i lengde og 30 cm. i breidd. I den nordvestre delen av strukturen stikk det opp ein flat stein, som kan tolkast som ein skoningstein. Profilen viser at fyllskiftet strekker seg vel 10 cm. ned i undergrunnen. Under dette har ein eit lag av lys sand. Snittet viser at nedgravinga er flat i botn og rett i kantane. Dette gjev grunnlag for å sjå struktur sju som rest av eit stolpehol. Struktur 8 er eit klart synleg fyllskifte, det er rundovalt med måla 60x55 cm. Fyllmassen er gråbrun, feit sandjord, med noko trekol i. Profilen viser at botn på nedgravinga er mest flat og der sidene er rette. Dette gjev igjen grunnlag for å sjå denne strukturen i samband med nedre del av eit mogleg stolpehol. Struktur 10 er eit klart markert fyllskifte. Her er stein og trekol like under dyrkingslaget. Deler av denne strukturen ligg framleis under grøftekanten, slik at det ikkje er gjort noko fleire undersøkingar av strukturen. Struktur 11 er ein flekk med kolhaldig jord, vel 50x40 cm. i utstrekning. Denne vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 12 er ein flekk med kolhaldig jord omlag 60x40 cm. i utstrekning. Denne vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 13 er ut i frå overflata her tolka som eit mogleg stolpehol. Denne vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 14 er ut i frå overflata her tolka som eit mogleg stolpehol. Denne vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 15 er eit markert fyllskifte. Strukturen har form som ei grøft som går i vinkel. Strukturen kan ha samanheng med struktur seksten, som ligg noko lenger sørvest. Grøfta vart ikkje undersøkt vidare då omfanget av undersøkinga ville verte for stort. Struktur 16 er eit markert fyllskifte, noko langstrakt og forsvinn inn i kanten av sjakta. Breidda er 35-40 cm mest over det heile. Massen synest å væra av same konsistens som i struktur femten. Strukturane utgjer truleg fleire einingar, det er oppdaga to sikre eldstader og fleire stolpeholnedgravingar. Ein kan likevel ikkje setja desse i umiddelbar samanheng med kvarandre gjennom ein indre orden. Strukturane 15 og 16 er nokre grunne grøfter som går på tvers av dreneringsgrøftene, desse kan ut i frå for og plassering tolkast som spor etter ein eller fleire huskonstruksjonar. Det høge talet strukturar gjorde det naudsynt å gjera ei prioritert undersøking strukturane. Strrukturane med nummer 10 og nedover er såleis ikkje undersøkt. Desse har i flata då same form som dei andre og er truleg strukturar på lik linje med nummerane 1-9. Struktur 5 - eldstad viser ei datering til førromersk jernalder med ei datering til 395 BC. Dette viser at ein har minst ein fase representert i området. Resultata frå andre lokalitetar gjer det truleg med eldre fasar representert, t.d. kan flateretusjeringsavslaget funne i struktur 5 væra frå ein eldre fase.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 108112-1
    lokalId
    • 108112-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217