Heller påvist oppe i Fagerdalen. Helleren er vel 12 meter lang og 1,5 meter djup på det djupaste. Lokaliteten er dokumentert i flaten. Lagdelinga i lokaliteten er og teikna i skala 1:10. I frå kulturlaget sin nedre del er det tatt ut trekol til radiokarbondatering. Dei stratigrafiske tilhøva på lokaliteten synest å væra meir upåverka av nyare tids aktivitetar. Dette trass at den ligg kloss i ein gamal husmannsplass og i dag er ein del av opparbeida jorde. Den aktivitet som har gått føre seg i helleren har vore avgrensa til øvste del av torvlaget. Den stratigrafiske situasjonen viser grovt sett ei tredeling, der ein har eit overflatelag (torv) på vel 10 cm. Under dette kjem det eit lag med mørk brun jord blanda med trekol. Under dette har ein eit lag (lag 3) av tettpakka stein, dette laget er blanda med fyllmasse frå laget over. Lag 4 er igjen eit mørkt kolhaldig lag, som ligg godt verna under det kompakte steinlaget. Under dette kjem eit lag av lys brun jord, med noko stein, men ikkje trekol. Det er eit spørsmål om lag 2, 3 og 4 ikkje utgjer eit og same lag. Konsistensen til lag 2 og 4 er den sams i tillegg til at fyllmassen i lag 3 og er lik. I denne samanhengen har eg valt å sjå dei som separate lag, då det ikkje er klart kva steinlaget (lag 3) er. Funn av keramikk truleg tilhøyrande lag 3 eller 4 indikerer at det er eit kulturlag av noko slag. Helleren vart gravd ut av Bergen Museum i 1997, totalt 6 m2. Det vart påvist ein eldstad, som vart datert til tidsrommet 155 f.Kr. - 115 e.Kr. Ei dateringsprøve tatt ut djupare i laga vart datert til tidsrommet 2290 - 1940 f.Kr. Ein trekolprøve datert av Hordaland fylkeskommune ga datering til Merovingertid/vikingtid.
2024: Geometrien korrigert jf. original registreringsrapport.