Det er tatt 8 prøvestikk på lokaliteten og prøvestikk nummer 3 er dokumentert i profil. Lokaliteten er så teikna i flaten. Lokaliteten er klart avgrensa i flaten gjennom fleire prøvestikk. Berre eit (ps 3) var funnførande med pimpstein. Lagdelinga viser eit relativt tjukt klart markert kollag vel 16 - 20 cm under overflata. Dette laget er vel 7 cm tjukt (i ps 3, mindre kraftig i utkantane). Laget ser ut til å væra relativt intakt i delar av området, då grensa mellom dyrkingslaget over er klar og godt markert. Området er i dag beite/slåttemark. I prøvestikk 5 er det meir stein i trekollaget, prøvestikket ligg på ein svakt markert forhøgning i terrenget på kanten av terrassen. Flaten lokaliteten ligg på har god drenering og ligg sentralt i høve til ferdsel vest og nordover på øya. Funn av pimpstein i markert og avgrensa kollag gjev grunnlag for å sjå dette som eit kulturlag. Prøvestikk 5 viser ei større mengd stein blanda med trekolet. Dette kan sjåast som ein utkant av ei eventuell buflate. Dateringa frå laget viser at ein kan knyta aktiviteten til yngre bronsealder sin siste del. Trekollaget er datert til 2530 +/- 70 BP.
2024: Lokaliteten låg feil plassert i terrenget jf. registreringsrapporten. Retta.