• 108393

    id
    • 108393
    datafangstdato
    • 2006-10-20T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-04-13T09:51:01Z
    informasjon
    • Det er påvist 51 strukturar på Store Standal.Alle er påvist i sjaktene på den nedre flata i planområdet. Den klart mest fremtredende typen struktur er kokegropene, som vi har 24 av i talet, og som er spreidd over størstedelen av det funnførende området. Elles dreier det seg om strukturar som vi ikkje umiddelbart kan feste funksjonelle forklaringar til, som ulike typar groper og grøfter. I minst eit tilfelle har vi mistanke om at vi har avdekka toppen av ei flatmarksgrav. Det har tidlegare stått gravrøyser aust i planområdet. Det er IKKJE påvist direkte spor av husanlegg som stolpehol osv. Vi var merksame på om slike spor kunne finnast i sjaktene ved den avsluttande fasen av registreringa. Mellom anna snitta vi fleire av dei mindre kolkonsentrasjonane og nedgravingane, men kom ikkje i noko tilfelle over nedgravingar som kunne minne om stolpehol. Vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at det ligg spor av husanlegg mellom sjaktene, men ei kanskje meir truleg forklaring er at husa har lagt ein annan stad. Ein må ha på minnet at rasfaren i Standalbygda kan ha spela ei viss rolle for kor ein har lagt hus. På utskiftingskartet (datert 1887 og 1853) er husa plassert langs ein aust- vest akse om lagt midt i dalbotnen. Dette er om lag identisk med korleis husa er plassert på staden i dag. Ein har altså ikkje hatt noko omfattande omlokalisering av tunområda til kvart einskild bruk etter utskiftinga. Det er også etter måten omfattande spor som kan knytast til førhistorisk jordbruk. Førhistoriske dyrkingslag er påvist i 12 av sjaktene, og ved å samanhalde opplysningane frå desse sjaktene danner det seg eit bilete av utbreiinga av dyrkingslag i plan. I seks av desse sjaktene er det også bevart ardspor i undergrunnen under dyrkingslaget. Funna ligg på fleire nivå isolert av masse frå ras ol.
    kommune
    • 1520
    kulturminneId
    • 108393
    lokalId
    • 108393
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217