• 108471

    id
    • 108471
    datafangstdato
    • 2002-04-02T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-04-27T12:37:47Z
    informasjon
    • Steinalderlokaliteten måler om lag 48 X 70 m orientert VSV-ANA - NNV-SSA. På lokaliteten veks gras og lyng og her er parti med mykje brake. Øvst oppe på lokaliteten finn ein og noko planta gran og blanda lauvskog. I kanten av lokaliteten mot NA veks og ein del skog. Avgrensinga av lokaliteten er gjort ut frå prøvestikk men og ut frå topografien. Lokaliteten er klårt avgrensa av berg i A og NA. I SV grensar lokaliteten inn mot eit bergparti og ein høgreist bergvegg. Heilt S på lokaliteten finn ein og ein hellar inn mot berget i SSV. Hellaren er ikkje skild ut som eigen lokalitet og har naturleg samanheng med lokaliteten. Hellaren måler om lag 2,5 x 4,5 m orientert NV-SA. Det vart stukke med sonderborr i hellaren og her er mykje stein. Hellaren verkar generelt skrinn. Det vart teke eit prøvestikk om lag midt i hellaren (prøvestikk 9). Prøvestikket var funnførande. Det vart og teke ut ei kolprøve frå prøvestikket (PS 9, KP1). Det vart teke til saman 17 prøvestikk på og rundt lokaliteten. 9 av prøvestikka var funnførande. Øvst på lokaliteten vart det teke 4 prøvestikk. To av prøvestikka var positive. Mellom desse stikka skrår lokaliteten ned mot ei samanhengande slakare flate. Her vart det teke til saman 6 prøvestikk. Det ligg eit område med nyare tids strukturar rett SA for steinalderlokaliteten. Stratigrafien på lokaliteten varierar noko. Øvst finn ein eit torvlag som varierar frå brun til mørk brun farge (lag 1). I dette torvlaget finn ein i dei fleste tilfella litt sand og noko stein. Laget er funnførande ned mot botnen. Under torva er eit funnførande gruslag, brun til gråbrun farge, humushaldigt og med varierande innslag av stein og grus (lag 2). I fleire av stikka låg det stein i toppen av dette laget. Undergrunnen varierar noko på lokaliteten noko som kan skuldast ein del vassig og utvaska massar. I fleire av stikka er det vanskelig å skilja stratigrafisk mellom funnførande og steril masse. I nokre avstikka er undergrunnen marint avsatt grågrøn sand og silt.
    kommune
    • 4615
    kulturminneId
    • 108471
    lokalId
    • 108471
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217