• 108472-1

    id
    • 108472-1
    datafangstdato
    • 2000-12-20T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-04-27T12:53:56Z
    informasjon
    • Lokaliteten ligg aust for Rossnesvegen på gnr. 65 bnr. 47. I aust strekker lokaliteten seg frå steingarden og ned mot vegen i vest. Steingarden fylgjer her ei naturlig grense mellom moreneavsetninga i vest og berg i aust. I sør grensar lokaliteten opp mot lokalitet 2 som ligg høgre enn 1. I nord grenser lokaliteten inn mot ein bekk som renn frå ANA og vidare under vegen i V. Ut frå topografien ser det ut til at vegen har skore seg eit lite stykke inn i den vestlige delen av lokaliteten. Lokaliteten ligg samla sett naturlig avgrensa i landskapet med berg i A, ei høgde i S, skrånande terreng ned i V og ein bekk i N. Lokaliteten måler 52 m NNV-SSA og opp til ca 20 m A-V. Høgda over havet varierer frå 11 til 14 m. Lokaliteten er grasgrodd (beite) og i den nordvestre delen veks nokre store grantre. Det er tatt til saman 7 prøvestikk på lokaliteten. Alle prøvestikka var positive. Lagdelinga på lokaliteten er mykje lik over heile flate. Ein må likevel gjere merksam på dei variasjonane som finst. Det er gjort funn i alle prøvestikka på lokaliteten, sju prøvestikk til saman. Generell lagdeling: På heile flata ligg det eit brunt lag med torv frå 10 til 15 cm tjukt. Under dette torvlaget finn ein eit funnførande kulturlag. Dette laget er humushaldigt og inneheld sand, grus, småstein, og ein del trekol. Laget er frå 15-30 cm tjukt. Innslaget av stein kan variera. Under dette laget finn ein eit noko varierande lag men generelt kan ein si at det inneheld mye stein. Laget er funnførande og må sjåast i samanheng med laget over. Det nedste laget er steril undergrunn og kan variera frå gråbrun sand og silt til mørk brun til raudbrun sand. I prøvestikk 5 kom det fram ein sterkt kolhaldig struktur (sjå profilteikning fig. 4). Strukturen vart i felt tolka som ei mogleg yngre aktivitetsfase på steinalderlokaliteten. Strukturen vart tolka som ein mogleg rest av ein eldstad eller ei kokegrop, helst det siste. Det vart teke ut ei C-14 dateringsprøve frå strukturen. Dateringa viste at det var aktivitet på plassen i tidleg yngre bronsealder 2688 ± 85 (T-15165) kalibrert alder BC905-795. Ein må difor rekne med fleire fasar på lokaliteten.
    kommune
    • 4615
    kulturminneId
    • 108472-1
    lokalId
    • 108472-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217