• 108475-1

    id
    • 108475-1
    datafangstdato
    • 2003-08-28T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2007-04-27T13:45:46Z
    informasjon
    • Tufta vart funne under synfaring av området av arkeolog Kjell Arne Valvik på Myklastølhaugen. Tufta, som måler om lag 6,5 x 7,0 m utvendige mål med ei orientering N-S ¿ A-V, vart teikna i plan (sjå rapport fig. 7). Det vart teke eit prøvestikk inne i tufta. Ho er bygd av tørrmura stein der murane no er noko sammenrast. Inne i tufta ligg fleire større stein. Det er uvisst om tufta har hellegolv men det er meir stein inne i tufta enn på utsida. Formen på tufta er ikkje vanleg og må karrakteriserast som sekskanta. Det er ikkje noko klart inngangsparti men det ligg noko stein på utsida i søraust som kan tyde på inngang. Tufta er tolka som ei gammetuft og kan vera eit samisk kulturminne. Om lag 50 m mot søraust ligg ei kolgrop datert til romertid/folkevandringstid. Det vart teke eit prøvestikk i tufta for om mogleg å ta ut trekol til datering. I prøvestikket vart det funne noko kol i lag 2. Heile lag 2 vart teke ut som prøve til datering. Tufta er datert til 295 +/- 35 før notid, kalibrert alder AD 1525-1655 (Tua-4465). Lag 1: Brun grastorv. Lag 2: Grå til mørk grå sand, silt og små stein, noko kol i heile laget. Lag 3: Raudorange aur. Steril undergrunn. Datering av lag 2 gjev ei datering til overgangen mellomalder / nyare tid
    kommune
    • 4618
    kulturminneId
    • 108475-1
    lokalId
    • 108475-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217