Kolgropene ligg i eit plantefelt med stor gran. Markoverflata er ikkje gjengrodd og her er skogsbotn og lite anna vegetasjon. Kolgrop 1: Rektangulær form - orientert aust-nordaust - vest-sørvest. I bunn måler gropa om lag 2 x 0,5 m. Indre vollkant ca. 3,4 x 0,6 - 1,3 m. Den ytre vollkanten er utkasta og utkastet ligg i sør-søraust. Vollen er over 2,5 m brei. Djupna på gropa er 0,3 m. Kolgrop 2: Gropa har rund form og måler ca. 2 m i tvm. I den søndre delen av gropa står ein stubbe og i nord eit tre. Gropa har ikkje klåre vollar slik som grop 1. Djupna kan vera om lag 0,3 m. Grop 1 ligg om lag 3,5 m frå grop 2 mot aust-søraust. I kolgrop 1 var det eit reint trekollag under skogsbotnen og eit grått utvaska sand og siltlag som inneheldt noko stein. Undergrunnen varierte i farge frå grå til gråbrun vitra fylitt med silt og sand (sjå fig.). I kolgrop 2 vart det ikkje funne noko reint kollag. Det såg mest ut til at gropa var temmelig reinska for kol. I lag 2 var det likevel nok kol til ei lita dateringsprøve. Laget var svart til brunsvart og humushaldig. Over dette laget var det brunraud skogsbotn. Undergrunnen varierte frå eit grått utvaska lag med sand og silt til grå sand (sjå fig.). Kolgrop 1: 475 ± 45 (14C alder før notid), AD 1420-1450 (T-15366) Kolgrop 2: 460 ± 130 (14C alder før notid), AD 1400-1630 (T-15370) Mellomalder