Varde til minne om der eit prestefølgje la frå seg sleden. Kvinesdal Historielag sette opp att varden i 1994. Hesten omkom vel au her ved Hestevatnet. Dei hadde kasta av ein laks tidlegare, ved Svòmyrå. Seinare omkom deknen og hunden ved Grotjødn, sjå varde der. Presten omkom på det høgaste punktet, sjå varde der. Og prestefrua omkom noko lenger framme der ho for vilt, sjå varde der. Segna er ei vandresegn, men det er sant at det gjekk ein presteveg forbi her i tida før 1760..