Beskrivelse fra lokalitet:
Varpet var ein stad der kvar vegfarande kasta på ein ting, i dette tilfellet helst ein kvist, for her finst ikkje steinar i området. Kvar vegfarande kasta på det fram til 1887 då den offentlege ridevegen (sledevegen), også kalla Kvålesheivegen, blei nedlagd som offentleg veg. Folk kunne minnast at varpet såg ut som ei maurtuve til langt ut på 1900-talet. Under jordskiftet av 1948 blei det sett ein bytingstein i varpet, og denne bytingsteinen vil ein nok finna om ein grev her i yttersvingen. Om ein måler 42 m langs yttersida av vegen herifrå oppover kleiva, vil ein koma til ein tydeleg bytingstein som ligg på ei steinblokk i yttersida av vegen. Staden der denne sistnemnde bytingsteinen ligg, heiter Skodden Kvåle, oppkalla etter ein hårlaus mann som datt ut or kista her då dei skulle bera han som lik til kyrkjegarden, men det er ikkje visst om Skodden Kvåle har noko med Varpet 42 m lenger nede å gjera.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Jordtuve så stor som ei mauretuve. Ho har danna seg fordi vegfarande brukte å kasta ein ting kvar på denne staden (ein stein eller ein pinne, vel helst ein pinne i dette området), fordi nokon blei funnen død her. Men ein veit ikkje om det var fordi Skodden Kvåle (ein skallete mann frå Kvåle) datt ut or kista her, jfr. steinblokka Skodden Kvåle med småsteinar på 42 m lenger oppe i kleiva, eller om det var ein annan som døydde ved varpet.