Beskrivelse fra lokalitet:
Likkvile, den vestlegaste på Agder. Steinane er lagde etter einannan i U-form.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Steinar som er lagde etter einannan i U-form. Opninga vender mot kyrkja. Steinen midt i U-en liknar ei kodde (ei hovudpute). T.N. Hageland fann denne likkvila, og Oddmund Mogstad (som elles har registrert brudle og likkviler) seier at denne er den einaste kjende likkvila i Vest-Agder. Likkvila ligg nær det høgaste punktet på denne heieovergangen (når dei valde å gå utanom sjølve Indre Glymsdalen). Denne likkvila minnar om Rolvskvil på Bispevegen mellom Setesdal og Telemark.