Beskrivelse fra lokalitet:
Garden Bilde ligg høgt og fritt med utsyn over Granvinsvatnet. Røysa ligg nord for noverande gardstun i kanten av eit beiteområde.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røysa er i dag mest heilt overgrodd av tjukk lyng. Den ligg i kanten av innmarka til Bilde. Den er stor mest to meter høg og noko oval i forma. Eldre innhogg i søre kant viser at under lyngen ligg ei røys bygd av store løftestein med teikn på fotkjede rundt røysa. Røysa er 16 x 19,5 meter. Røysa ligg truleg i tilknyting til vegen mellom Bilde og Nesheim lenger nord i Granvin.