Beskrivelse fra lokalitet:
Tre tilnærma runde strukturar, ligg samla på flaten, i eit område på om lag 6x5 meter.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Alle dei tre strukturane er groper med trekol og slagg. Struktur 20-1 vart snitta. Denne er 1,3x1 meter i plan, ligg om lag 40 cm under overflata og er 30 cm djup på det djupaste. Nedgravinga har form av ein jamn boge. Massane består av mørk brun sand med enkelte nevestore steinar. Det ligg her slagg både i botnen av gropa og høgare oppe. Struktur 20-2 og 20-3 var som struktur 20-1 men var noko mindre i utstrekning. Dei var også noko øydelagde av seinare aktivitetar, truleg jordbruket i området.