Gravflokk på Hæreidsmoen. Skogkledd mo, fleire stader med tett underskog og lite oversyn. I alt er her minst 250 røyser som må vera lagde saman av folk, sume av smårøysane kan vera dyrkingsrøysar, men storparten er gravrøysar. Dei ligg i fleire grupper vidt utover. Kroki i arkivet. I. Om lag midt på moen, på begge sider av vegen, ligg dei fleste store haugane og røysane i eit belte NV-SO. Dei ligg tolleg romt. II. I eit belte NNV-SSO austanfor gruppe I ligg ein del smårøysar, tolleg tett, til dels i rekkjer. III. 60 m aust for gruppe II ligg mange smårøysar tett saman i eit belte NNV-SSO. Dei ligg og til dels i rekkjer, og fylgjer eit slakt søkk i lendet NV for Langhaug. Ein del av dei er uvisse, nokre er langrøysar, alle låge og storparten 3 - 5 m tvm. IV. SO for Langhaug ligg så ei ny gruppe smårøysar kanskje litt meir spreitt enn i gruppe III, og dei er gjennomsnittlig litt større. En del av dei ligg rundt eller ved jordfaste steinar. V. Så å seia for seg sjølv ligg nr. 40 på ei høgd med gruppene av smårøysar på vyrdeleg avstand. Berre tre andre røysar (41, 42, 184) ligg i nærleiken av den. VI. For seg sjølv i skogen ligg ei gruppe på 8 røysar V for gruppe I. Dei er merkeleg jamne både i storleik og byggemåte (223-30). VII. Eit heilt stykke nordanfor dei ligg ei ny gruppe smårøysar, til dels tvilsame, heilt låge (235-44). VIII. Ei liknande gruppe vestanfor gruppe VII (213-22). Røysane er nummererte i den rekkjefylgje dei vart funne, og så lite oversyn der er, har det vorte funne nye røysar, når ein kom att på same staden. Utførlegare melding og kart i arkivet. 1. Røys, 10 X 12 X 1 m, fotkjede av store steinar, søkk i midten. 2. Røys, 7 m., 1 m høg, lite søkk i midten. 3. Langhaug av stein og jord, 12 X 3 m O-V, låg, firsida med steinlagdkant. To små søkk i haugen. 4. Røys, 5 m tvm., låg. 6. Langrøys, 8 X 4 X 1/2 m, NV- SO. 7. Røys, 13 m tvm.,1 1/2 m høg, fotkjede, konkave sider, to små søkk i midten. Utanfor S-kanten ei steinrekkje i bein line. 8. Langrøys, 7 X 3 m NV-SO, låg. 9. Haug av stein og sand, 5 m tvm., 1/2 m høg, overgrodd. 10. Sandblanda røys, 6 m tvm, 1/2 m høg, urørd. 13. Langhaug, 17 X 4 m NV-SO, 1/2 - 3/4 m høg, av sand og stein med steinlagd kant, firsida. Tilvaksen. 14. Haug av småstein og sand, 10 m tvm., 3/4 m høg, fin og rund med ganske lite søkk i toppen. 15. Røys, 7 X 3 m O-V, låg, uviss. 16. Røys, 6 X 4 X 1/2 m. Tilgrodd. 17. Røys, 12 m tvm., 1 m høg, fotkjede, konkave sider, litt overgrodd innover kantane, i midten røys av jamn stein, lite søkk i toppen. 18. Røys. 6 m tvm., 1/2 m høg. Ein stor stein i røysa. Overgrodd. 19 - 26. Små røysar. 2 - 5 m tvm., låge. 27. Røys, 6 m tvm., 1/2 m høg, turr røys med store furer på. 30. Langrøys, 7 X 3 m N-S, 1/2 m høg. Overgrodd, ligg på toppen av naturleg høgning. 34. Langhaug? Litt ujamn på skap, 11 X 4 m O-V, knapt 1/2 m høg, uviss. 40. Røys, 15 m tvm., 2 m høg, fotkjede av store steinar, søkk i toppen, 3 X 4 X 1/2 m. Ligg på ein bakketopp og ruver svært. 41. Røys, 9 m tvm., litt over 1 m høg, urørd. 42. Røys, 7 m tvm., 1/2 m høg, fotkjede. 2 m vidt søkk til botnen i midten. 47. Langhaug, 8 X 3 m NO-SV, låg, litt ujamn. 49. Røys, 5 m tvm., 1/2 m høg, fullstendig øydelagd i midten med 1 m brei grøft for vassleiing. Bygd av stein frå eit par mannslyfts storleik og ned til småstein og grus. Rustmerke på ein stein, ein annan er eldskøyr. 51. Røys, 5 m tvm., 1/2 m høg. Ein stor jordfast stein stikk så vidt opp i toppen. 52. Røys, 8 X 5 X 3/4 m. Utkasta til botnen med 1 m brei sjakt frå O, 2 1/2 m inn. 66. Røys, firsida, 4 m tvm., 1/2 m høg. 95. Røys, ca. 6 m tvm., 1/2 m høg, urørd, turr røys av jamn stein. Har ytterring, 15 m i tvm., sirkelrund av store jamne steinar kant i kant. Ligg sers fint til på toppen av skråninga mot Eidfjordvatnet. Utgraven 1954 (Egil Bakka), B 10907. 96. Røys, jordblanda, 6 X 3 X 1/2 m N-S. 97. Røys, 10 m tvm., 1 m høg, tett tilvaksen. 105. Langrøys, gjennomskoren av veg, har vel vore ein 8 X 3 m NO- SV, låg, uviss. 116. Røys eller haug av stein og jord, 13 X 16 m vid, 1/2- l m høg, verkar låg og flat, sterkt tilvaksen. 11 m av fotkjede synleg i S-kanten. 117. Langhaug, 8 X 4 m O- V, 1/2 m høg, grøft på øvre kanten. Bendixen reknar han for tvilsam. 121. Røys, 7 m tvm., 1/2 m høg, ein stor stein oppe i røysa. 122. Steinlagd kant i brotkanten. 34 m lang, eit par stader er låge små steinsamlingar på øvre sida. 123. Steinsetjing? uklår og uviss. 15 m lang, 4 m brei, spisse endar. Stykkevis ligg steinar i rekkje, andre stader meir uryddig. Mange jordfaste steinar. Vanskeleg åavgjera kva som er natur og kva ikkje. 152. Røys, rektangulær 2 x 1 m NV-SO, låg. 166. Røys, knapt 2 m tvm., heilt rund, lyfter seg ikkje over bakken, av jamn og fin, småfallen stein. 167. Røys, 5 x 2 m VNV-OSO, låg, firsida. 168. Røys, 4 x l/2 m ONO-VSV, låg, firsida. 195. Langrøys, 21 x 2 m O-V, låg, uviss. 202. Langrøys, 10 x 3 m ONO-VSV, knapt 1/2 m høg. 206. Langrøys, 9 x 3 m ONO-VSV, låg, turr røys. 207. = Fk. nr. 3, Bautastein. 208. Røys 12 x 14 x 1 1/4 m. Fotkjede. Søkk i midten 2 X 2 X l/2 m, søkk i vestdelen 1 x 1 x 1/2, synest vera røys med jorddekke, no overvaksen. 209. Langrøys, 6 x 2 m VNV- OSO, låg. 232. Haug, kan vera naturleg, men verkar for jamn og rund til det. 18 - 20 m tvm., 1 1/2 m høg, tett tilvaksen. Kanten er mange stader klårt markert. Berndixen nemner eit tapt funn frå ei lita, låg røys på "den skogdækte flade mo mod syd", spannforma leirkar, dekorert med perlerekkje.