Driftelege (felæger) frå 1700-talet til 1907. Heller i to høgder under steinblokk nede ved vatnet, den øvre med livdemur og plass til tre dersom golvet blir rydda for stein, den nedre med fuktig og steinut golv. Grunnmur etter lafta hytte. Var ei av fleire drifteleger som hjuringane flytte mellom då dei legegjette frå 1830-åra til 1907. Grasvoll.