Denne var ei av fleire drifteleger (felæger) der rogalendingar låg og legegjette krøter 1750-1837, eikdølar 1838-1842, åsdølar 1843-1870 og rogalendingar 1871-1902. Der er enno legevoll på begge sider av bekken. På søraustsida av bekken: Ved stigen på rinden høgt over søraustsida av bekken ligg det ein legevoll og ei tuft etter ei bu. På nordvestsida av bekken: Diger klovna steinblokk, plass til 2 under kanten, der det ligg det ein hesteslede som blei forlaten der etter kraftanlegget i 1950-åra. Der er ein bratt trekanta legevoll, og høgt ovanfor denne ligg det ein heller med livdemur under to steinblokker som stør seg imot einannan i toppen, plass til to.
Enno ligg det ein tydeleg trekanta grasvoll på nordvestsida av bekken; der ligg det også ei diger klovna steinblokk nokså langt nede på vollen med plass til 2 under kantane, og med ein hesteslede som blei forlatt der i 1950-åra; men i bregne-ura øvst på vollen ligg det ein heller med livdemur under to steinblokker som stør seg imot einannan i toppen, 2 tørre plassar.